Skip to content

Bli kjent og bli med i javaBin Sogn!

Photo of Livar Bergheim
Hosted By
Livar B.
Bli kjent og bli med i javaBin Sogn!

Details

javaBin Sogn treng fleire eldsjeler som vil vere med å drive lokallaget.

javaBin Sogn er eit lokallag i javaBin — brukarforeninga for Java i Norge.
javaBin har lokallag rundtom i Norge som jamnleg arrangerer meetups, og organiserer JavaZone-konferansen i Oslo Spektrum kvar september.

Du treng ikkje programmere Java for å vere med. Vi famnar breiare fagleg enn berre Java. I dei største byane er det eigne grupper for frontend, backend, KI, tryggleik osv. Her i Sogn er det færre grupper.
Kva innhald vi vil ha på våre treff, er opp til oss.

Bli med, bli kjent med javaBin, treff andre og gje innspel på kva vi skal gjere vidare.

Nokre grunnar til å bli aktiv i javaBin Sogn:
- Du aukar nettverket ditt og blir kjent med dyktige likesinna
- Du kan, om du vil, vere med å kode på javaBin sine prosjekt
- Du får erfaring med å ha ansvar og organisere
- Du får delta på sosiale arrangement og treffe andre i javaBin i Norge, deriblant får ein delta på JavaZone
- Du får delta på javaBin si Landskongress, der vi som eit lag reiser til utlandet og planlegger javaBin og JavaZone
- Du får vere med og lage eit givande fagleg-sosialt miljø for IT i Sogn

DATO & TID:
Torsdag 25. april kl. 16:00
Det vert lasagne og drikke attåt

STAD:
Kantina hos Digdir

AGENDA:
- Kva og kven er javaBin?
- Kva gjer eldsjeler og frivillege i javaBin?
- Kva har vi gjort i javaBin Sogn tidlegare?
- Kva vil vi gjere vidare?

KVEN:
- Livar Bergheim. Leiar for lokallaget
(oppdaterast)
og alle andre oppmøtte

TA KONTAKT
Om du ikkje har anledning til å kome, og vil vere med, send e-post til Livar på livar.bergheim@gmail.com, så tek vi kontakt om vegen vidare.

PS. Hugs å melde deg på så vi får bestilt rett mengde mat

Photo of javaBin Sogn group
javaBin Sogn
See more events
Digitaliseringsdirektoratet
Skrivarvegen 2 · Leikanger